Maritime Montering er i vekst og søker Account Manager med fokus på skipsbygging og den maritime klynga på Sunnmøre/Nordvestlandet.

Arbeidsoppgaver

Send din søknad her

Søknadsfrist:

10. januar 2025

Arbeidssted:

Bygstad, Sunnmøre

Nettside:

https://www.maritimemontering.com/

Kontakt:

Stian Madsen, CEO Maritime Montering Norway

tlf 992 45 879

stian.madsen@maritimemontering.com

Züleyha Cirik, Group Sales Manager 

tlf 401 77 208

zuleyha.cirik@maritimemontering.com

Du vil vere ansvarleg for å utvikle og implementere salsstrategiar, bygge sterke relasjonar med rederi, skipsdesign og verft. Du vil bli ein del av Maritime Montering sitt internasjonale salsteam der vi arbeider saman for å lukkast på tvers av konsernet.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning eller anna relevant erfaring
  • 3-5 års erfaring i liknande stilling i maritim industri
  • Eit godt nettverk i den maritime bransjen
  • Erfaring med sal, kalkyle og forhandlingar
  • Erfaring med bruk av AutoCad er ønskjeleg
  • Fortruleg med bruk av engelsk i arbeidet
  • God kulturell forståing

Kva vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med spanande og viktige oppgåver i eit internasjonalt miljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kontorstad i Bygstad eller Ørsta med hybrid heimekontorløysing ved behov
  • Karrieremulegheiter i ein dynamisk og internasjonal organisasjon

Om oss

Maritime Montering vart starta i 1981 og tel i dag meir enn 600 tilsette i 7 land. Selskapet driv innreiingsarbeid på skip og har produksjon i Polen og Kina. I 2023 omsette Maritime Montering for 440 MNOK og er ei solid og stabil familieeigd verksemd med røter i vestlandsk gründerskap.

Kontaktpersonar for stillinga:

Stian Madsen, CEO Maritime Montering Norway // tlf 992 45 879 //

stian.madsen@maritimemontering.com

Züleyha Cirik, Group Sales Manager // tlf 401 77 208 //

zuleyha.cirik@maritimemontering.com

Søknad:

Skriftleg søknad med CV sendast til hr@maritimemontering.com innan 10 januar

2025.