Driftsteknikar/Lokalitetsansvarleg avd. Hardanger

Søknadsfrist: Snarest 

Send din søknad her

Søknadsfrist:

Snarest

Arbeidssted:

Norheimsund

Nettside:

lingalaks.no

Kontakt:

    Morten Laupsa-Borge
    Produksjonsleiar
    tlf: 48 26 81 91 

Vil du bli ein del av Lingalaks?

Me søkjer driftsteknikar og lokalitetsansvarlig til vårt produksjonsteam i Hardanger

Lingalaks skal styrke laget, og søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre i Hardanger. Me har ambisjonar om å satse stort på desse lokalitetane framover, og lyt i den forbindelse supplere bemanninga vår med fleire driftsteknikarar. Har du erfaring frå næringa og eit ynskje om ekstra ansvar kan du også vera aktuell som lokalitetsansvarleg. Dette fører med seg ekstra ansvar for dagleg drift og er kompensert med eit eige tillegg.

I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.

Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.

Viktigaste arbeidsområde:

  • Drift av lokalitet, dvs. kontroll og tilsyn av fisk.
  • Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhald og fokus på biosikkerheit.
  • Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
  • Journalføring og rapportering.
  • Avlasta driftsleiar ved behov.
  • Delta i selskapet si vaktordning.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Strukturert, ryddig og nøyaktig.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, vera handlekraftig og løysningsorientert.
  • Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett er ein fordel, men gode kandidatar vert vurdert uavhengig av dette.
  • Lokasjonane ein skal jobbe på vil variere (mellom Djupevik til Bergadalen), og det er ein føresetnad at ein kan møte på ulike lokasjonar.

 Lingalaks tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet

Om arbeidsgiveren

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen. Me forsyner verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikrar at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss, og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.

Våre 60 dyktige tilsette har målretta fokus på berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Lingalaks skal vera ei "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon".