Driftsteknikar avd. Hardanger

Søknadsfrist: 02.03.2025

Send din søknad her

Søknadsfrist:

02 mars

Arbeidssted:

Norheimsund

Nettside:

lingalaks.no

Kontakt:

Remi Andre Tveit Hansen

Driftsleiar 

Tlf: 90 21 40 49

 Gaute Femsteinevik

Driftsleiar

Tlf: 98 26 67 45

Vil du bli ein del av Lingalaks?

Me søkjer driftsteknikar til vårt produksjonsteam i Hardanger- fast/og vikariat

Lingalaks søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre i Hardanger. Me har i tillegg til to faste stillingar, ledige 1-års vikariat - då fleire av våre ansatte skal i foreldrepermisjon. Det kan verte moglegheit for vikarar å få fast ansettelse på sikt.

I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.

Du kan lesa meir om korleis me arbeider med berekraftig matproduksjon i berekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.

Viktigaste arbeidsområde:

  • Drift av lokalitet, dvs. kontroll og tilsyn av fisk
  • Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhald og fokus på biosikkerheit
  • Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
  • Journalføring og rapportering
  • Avlasta driftsleiar ved behov
  • Delta i selskapet si vaktordning

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett er ein fordel, men gode kandidatar vert vurdert uavhengig av dette
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Strukturert, ryddig og nøyaktig
  • Kunne arbeide sjølvstendig, vera handlekraftig og løysningsorientert
  • Har stå-på-vilje, er positiv og likar å arbeide i team.
  • Lokalitetane ein skal jobbe på vil variere (mellom Djupevik til Bergadalen), og det er ein føresetnad at ein kan møte på ulike lokalitetar
  • Førarkort kl B

 Lingalaks tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet
  • Godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Lingalaks er eit familie-eigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjon om å vere ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i.